Om Sparebankstiftinga Time og Hå

Sparebankstiftinga Time og Hå er den største eigaren i Jæren Sparebank.

Stiftinga vart etablert 6. februar 2014 i samband med konvertering av kr. 100 millionar av Time Sparebank sitt grunnfond til eigenkapitalbevis. Ved etableringa fekk stiftinga vederlagsfritt tildelt 1.000.000 eigenkapitalbevis pålydande kr. 100. Ved fusjonen mellom Time Sparebank og Klepp Sparebank som vart gjennomført 2. januar 2015, er stiftinga den største eigaren i Jæren Sparebank og eig over 60 prosent av samla eigenkapitalbevis i banken.

Formålet med stiftinga er å forvalta eigenkapitalbevisa og væra ein langsiktig og stabil eigar i Jæren Sparebank.

Stiftinga kan disponera overskot og dela ut gåver til allmennyttige formål. Stiftinga skal i utdeling av gåver ta omsyn til det distriktet som har vore med å bygd opp kapitalen i Time Sparebank. Gåver som stiftinga vil dela ut, vil koma frå utbytte som stiftinga får av eigenkapitalbevisa sine i Jæren Sparebank.

Stiftinga skal gjennom eigarskapen sin i Jæren Sparebank vidareføra sparebanktradisjonane og sikra eit godt lokalt forankra sparebanktilbod på Jæren.

Formål, visjon og verdiar

Visjon

Medverka til vekst og utvikling på Jæren.

Verdiar

Skapa og utvikla gode lokalsamfunn.

Formål

Forvalta dei eigenkapitalbevisa som vart tilførte ved opprettinga av stiftinga og væra ein langsiktig og stabil eigar i Jæren Sparebank. Stiftinga kan disponera overskot og dela ut gåver til allmennyttige formål – primært i Time og Hå.