Eigarpolitikk

Stiftinga vart etablert 6. februar 2014 i samband med konvertering av grunnkapital til eigardelkapital.

Formålet med eigarpolitikken er å sikra eit langsiktig grunnlag for vekst i Stiftinga og utvikling gjennom å ha klare forventningar til arbeidet i Jæren Sparebank.

Eigarpolitikken er i hovedsak basert på Stiftinga sin § 1-2 Formål:

«Stiftinga sitt formål er å forvalta eigenkapitalbevisa som vart tilført ved opprettinga og å praktisera eit langsiktig og stabilt eigarskap i Jæren Sparebank. Stiftinga kan plassera midlane på ein formålstenleg og betryggjande måte ut frå omsynet til tryggleik, risikospreiing, likviditet og med sikte på å oppnå marknadsmessig avkasting på eigenkapitalen. Stiftinga kan disponera overskotet og dela ut pengar til allmennyttige formål. Dei skal i si utdeling av pengar særleg ta omsyn til det distriktet som har bygt opp kapitalen i Jæren Sparebank. Ein skal praktisera eigarskapen i samsvar med allmenn aksepterte eigarstyringsprinsipp og innanfor dei rammene og retningslinjene som Generalforsamlinga har fastsett. Eigarskapen skal utgjera minst 25% av dei utskrivne eigenkapitalbevisa i Jæren Sparebank. Stiftinga skal gjennom eigarskapen sin i Jæren Sparebank og vidareføra sparebanktradisjonane og sikra eit godt lokalt forankra sparebanktilbod i Time og Hå. Elles kan Stiftinga driva med verksemd som er i samsvar med formåla og dei rammene som til ei kvar tid følgjer av regelverket for Sparebankstiftingar.»

Eigarpolitikken vert fastsett av Generalforsamlinga.

Stiftinga skal vera ein langsiktig og god eigar for banken og vil gjennom godt samarbeid bidra til verdiskaping for begge partar.

Stiftinga forventar at banken har fokus på følgjande område:

  • Verdiskaping/resultat
  • Marknadsområde
  • Soliditet og risiko
  • Eigarskapen
  • Utbyttepolitikk
  • Representasjon i styrande organ
  • Kontakt mellom Stiftinga og banken

Det er viktig for Stiftinga at banken leverer gode resultat over tid. Gode resultat speglar av ein organisasjon som kontinuerleg klarer å tilpassa verksemda si til nye kundekrav og rammevilkår.

Solide resultat i banken er ein føresetnad for at Stiftinga skal kunna vera ein god eigar og bidra med allmennyttige gåver.

Marknadsområde

Time Sparebank vart etablert i 1911. I Hå starta ein opp i 1992 gjennom etableringa av filial på Varhaug. I desse åra har Time Sparebank spela ei viktig rolle i den økonomiske og sosiale utvikling i distriktet. Dette vert vidareført gjennom etableringa av Jæren Sparebank.                                                                                                         Stiftinga ønskjer at banken og i framtida skal vera banken «for Jæren» og bidra til vekst og utvikling. Stiftinga vil at banken i hovudsak konsentrerer ressursane til Jærregionen. Dette er viktig for at banken til ei kvar tid skal vera sikra kapital og menneskelege ressursar til å skapa vekst og utvikling.

Soliditet og risiko

Stiftinga vil at banken skal ha god soliditet i tråd med offentlege krav og bankar ein kan samanlikna seg med. Vi ønskjer vidare at kapitalallokering i størst mogeleg grad tek omsyn til behovet for kapital lokalt, og at det ikkje vert bunde opp eigenkapital i område som ikkje er i tråd med banken sin langsiktige strategi. Veksten skal vera tilpassa tilgangen på kapital, og at banken har den nødvendige kompetanse.

Banken skal ha god risikospreiing på sin aktivitet og unngå aktivitetar som kan gå ut over banken og i neste omgang Stiftinga sitt omdømme.

Banken skal drivast med låg til moderat risiko og ha risikostyring og internkontroll i tråd med aksepterte normer.

Eigarskapen

Stiftinga sitt formål er å forvalta eigarkapitalbevisa som vert tilførte og utøva ein langsiktig og stabil eigarskap i Jæren Sparebank.

Eigarskapen skal minst utgjera 25% av dei utskrivne eigarkapitalbevisa i Jæren Sparebank og praktiserast i samsvar med allment aksepterte eigarstyringsprinsipp. Det må og gjerast innanfor dei rammene og retningslinjene som Generalforsamlinga har vedteke.

Stiftinga skal ved si verksemd vidareføra sparebanktradisjonane ved blant anna å ta del i eventuelle kapitalutvidingar.

Utbyttepolitikk

Stiftinga forventar eit årleg utbytte som er konkurransedyktig i forhold til tilsvarande verksemder. Stiftinga er avhengig av utbytte frå Jæren Sparebank for å kunna byggja opp kapital for å kunna ta del i framtidige emisjonar. I tillegg treng ein dette for å kunna dela ut pengar til allmennyttige formål.

Eigenkapital til banken sin naturlege vekst bør i hovudsak verta dekka gjennom drifta.

Representasjon i banken sine styrande organ/kontakt med leiinga

Stiftinga ønskjer å vera ein aktiv eigar i banken gjennom å vera representerte i banken sine styrande organ og i tillegg vera representerte i andre fora i banken der Stiftinga finn at deltaking kan vera formålstenleg. Vidare vil Stiftinga gjennom deltaking på Generalforsamlinga gje uttrykk for synet sitt på saker som er til behandling. Stiftinga forventar ein open dialog med banken om aktuelle saker og ønskjer periodiske møte med leiinga i banken.