Slik går du fram når du søkjer

Følgjer du denne rettleiinga er du trygg på at du har gjort alt rett.

Søknadsskjema

Fyll inn alle punkta i søknadsskjemaet.

Du kan lasta opp tilleggsdokument med kostnads- og finansieringsplan saman med det utfylte søknadsskjemaet, om du har relevant informasjon utover det du får med på søknadsskjema.

Ta kontakt på e-post dersom du har problem, så skal vi finna ei løysing. Om framlagt informasjon er ufullstendig, eller søknaden kjem inn etter fastsette fristar, kan handsaminga av søknaden verta utsett. Så langt som råd vil vi ta kontakt for meir informasjon om vi ser at det er naudsynt.

Kven kan søkja?

Lag, foreiningar og organisasjonar i Time og Hå som har organisasjonsnummer.

Kven vert prioritert?

Sparebankstiftinga Time og Hå deler ut gåver til allmennyttige formål, primært i kommunane Time og Hå.

Søknadsfristar

Stiftinga tildeler gåver 2 gonger kvart år.

Søknadsfristane er 30. april og 31. oktober. Styret behandlar søknadane normalt i månaden etter.

Alle som har søkt får svar.

Kva stiftinga ikkje støttar.

  • Ordinær drift, medrekna husleige, løn eller naturlege sponsorprosjekt.
  • Støtte til reiser i samband med arrangement, turneringar og liknande.
  • Stiftinga grunngjev ikkje avslåtte søknader.