Ofte stilte spørsmål

 

  1. Kven kan søkja? Berre dei som bur i Time og Hå kan søkja om gåver frå Sparebankstiftinga Time og Hå. Søknaden må vera innanfor prioriterte formål for å verta vurderte. Oversikt over prioriterte formål !
  2. Kva kan det søkjast om? Retningslinjer for tildeling av gåver ligg til grunn. Finn Retningslinjer her !
  3. Når kan eg søkja? Søknader vert behandla to gongar kvart år. Om våren med søknadsfrist 30. april og om hausten med søknadsfrist 30. oktober.
  4. Når får eg svar på søknaden? Svar skal normalt verta gitt innan to månader etter søknadsfristen. Stiftinga begrunnar ikkje avslåtte søknader.
  5. Korleis veit eg at søknaden har kome fram? Når søknaden er sendt på skjema på nettsida vår, skal du motta ein e-post med stadfesting om at han er motteken.
  6. Kan eg senda inn vedlegg til søknaden? På søknadsskjemaet er det mogeligheit å leggja med vedlegg. Stiftinga vil kontakta deg om det skulle vera behov for fleire opplysningar.
  7. Kva gjer eg om eg ikkje mottek e-post som bekreftar at søknaden er motteken? Bekreftinga vert sendt til den e-postadressa du har oppgitt i søknadsskjemaet. Om du ikkje har motteke bekreftinga, kan det vera at søknaden din ikkje er sendt, eller at svaret er sortert under søppelpost (spam) i din innboks. Om du ikkje finn bekreftinga, bør du sende den ein gong til eller senda oss ein forespørsel pr. e-post til post@stiftinga-timeogha.no, så skal me sjå om søknaden har kome eller ikkje.
  8. Er det opna opp for meirverdiavgiftskompensasjon for frivillige organisasjonar? Frivillige organisasjonar eller andre som driv med frivillig arbeid og betaler meirverdiavgift, kan søkja om kompensasjon. Ordninga vert forvalta av lotteri- og stiftingtilsynet. Link til lotteri- og stiftingstilsynet.