Me bidreg til

vekst og utvikling

Om Sparebankstiftinga Time og Hå

Sparebankstiftinga Time og Hå er den største eigaren i Jæren Sparebank.

Stiftinga vart etablert 6. februar 2014 i samband med konverteringa av 100 millionar kroner av Time Sparebank sitt grunnfond til eigenkapitalbevis. Ved etableringa fekk stiftinga tildelt 1 000 000 vederlagsfrie eigenkapitalbevis, kvart pålydande 100 kroner. Ved fusjonen mellom Time Sparebank og Klepp Sparebank, som vart gjennomført 2. januar 2015, blei stiftinga den største eigaren i Jæren Sparebank, og eig over 50 prosent av samla eigenkapitalbevis i banken.

Føremålet med stiftinga er å forvalte eigenkapitalbevisa og vere ein langsiktig og stabil eigar i Jæren Sparebank.

Stiftinga kan disponere overskot og dele ut gåver til allmennyttige føremål. Stiftinga skal i utdelinga av gåver ta omsyn til det distriktet som har vore med å bygd opp kapitalen i Time Sparebank. Gåver som stiftinga vil dele ut, vil kome frå utbyttet som stiftinga får av eigenkapitalbevisa sine i Jæren Sparebank.

Stiftinga skal gjennom eigarskapen sin i Jæren Sparebank vidareføre sparebanktradisjonane og sikra eit godt lokalt forankra sparebanktilbod på Jæren.