Med hjarte for lokalsamfunnet

FORNØGDE: Det blir flott med hjartestartar i kyrkja, meiner representantane frå Varhaug sokn.

Tysdag 12. februar var det duka for høgtideleg overrekking av 16 hjartestartarar på Røde Kors-huset på Bryne. Håpet er sjølvsagt at mottakarane aldri får bruk for dei, men om dei skulle gjere det kan hjartestartaren utgjere heile skilnaden mellom liv og død.

Tekst/Foto: Hege Hopen
Arne Gravdal frå Sparebankstiftinga i Time og Hå er svært glad i jobben sin, som er å dele ut deler av overskotet frå stiftinga til høvelege føremål i lokalsamfunnet. I den seinare tida har dei vore med på å løfte prosjekt som det kanskje ikkje ville blitt noko av utan økonomisk støtte. Berre i 2018 delte stiftinga til saman ut 5 millionar kroner.

Vanlegvis gjer stiftinga støtte i form av økonomisk bistand, og det kjem inn om lag 100 søknadar i året. Det er to søknadsfristar per år: 30. april og 31. oktober.
I fjor haust kunne ein søke om å få tildelt hjartestartar. Denne ordninga kom i stand etter at eit lag sendte inn søknad til stiftinga om støtte til innkjøp av nettopp dette. Alle som søkte fekk innvilga søknaden sin. I tillegg får fem personar frå kvart lag/foreining dekka kostnader i samband med opplæring i bruk av utstyret.
I førekant av utdelinga heldt Geir-Ove Skaarstad frå Røde Kors Førstehjelp eit lite føredrag om hjartestans. Tala han viste til var ikkje lystige. I 2017 var det over 3000 personar som fekk hjartestans i eigen heim eller på gata. Av desse overlevde berre 14% hjartestansen. Einast 13 % av desse 3000 personane var kobla til hjartestartar då ambulansen kom. Om ein derimot klarer å gje sjokk innan 3 minutt etter hjartestansen, overlever 70%. Då seier det seg sjølv at ein hjartestartar kan utgjere heile skilnaden mellom liv og død.

Hjartestartarane som Sparebankstiftinga delte ut er heilautomatiske. Det vil seie at dei er enkle i bruk og at det faktisk ikkje går an å gjere noko feil. Det verste ein kan gjere, i følgje Geir-Ove Skaarstad, er å ikkje gjere noko. Her handlar det om å bry seg, og ved hjartestans tel kvart einaste sekund. Førstehjelp er ferskvare, seier Skaarstad, og trening gjer meister.

Alle hjartestartarane vert registrerte, slik at det er lett for ambulansetenesta å lokalisere næraste apparat når oppringinga kjem. Med 16 splitter nye hjartestartarar fordelte rundt om i Time og Hå aukar tryggleiken om at det er ein hjartestartar å finne i nærleiken ytterlegare.
Her er dei nøgde mottakarane:
Bryne FK, Røde Kors Hjelpekorps Bryne, Bryne Tennisklubb, Hå/Nærbø Speidergruppen, Jærtun Lutherske Friskule, Nærbø IL, Undheim Samfunnshus, Unge Spor, Ogna Bedehus, Ønsketransporten, Tunhagen Borettslag, Pensjonistene på Kverneland, Varhaug Sokn, Ogna Sokn og Hå Kyrkjelege Fellesråd.

Den heilautomatiske hjartestartaren fortel deg kva du skal gjere, og det er går ikkje an å gjere noko feil. Det verste du kan gjere er å ikkje gjere noko, seier Geir-Ove Skaarstad.

Speidargruppa i Hå fekk både ein vanleg hjartestartar og ein treningsmodell, slik at alle speidarane kan øve på å bruke dette livsviktige apparatet. Speidargruppa sin representant var særs nøgd med den flotte gåva.

Unge Spor fekk og hjartestartar.

Ønsketransporten gjer eit fantastisk flott arbeid for folk i nærmiljøet, og splitter ny hjartestartar er med på å trygge arbeidet ytterlegare.

Røde Kors Hjelpekorps Bryne var nøgde med gåva frå Sparebankstiftinga.