Berre dei som bur i Time og Hå kan søkje om gåver frå Sparebankstiftinga Time og Hå. Søknaden må vere innanfor prioriterte føremål for å verte vurderte. Oversikt over prioriterte føremål.

Retningsliner for tildeling av gåver ligg til grunn. Finn Retningslinjer her.

Søknader vert behandla to gongar kvart år. Om våren med søknadsfrist 30. april og om hausten med søknadsfrist 30. oktober.

Svar blir normalt verte gitt innan to månader etter søknadsfristen. Stiftinga grunngjev ikkje avslåtte søknader.

Når søknaden er sendt på skjema på nettsida vår, skal du få ein e-post med stadfesting om at han er motteken.

På søknadsskjemaet er det mogeleg å leggje med vedlegg. Stiftinga vil kontakte deg om dei treng fleire opplysningar.

Stadfestinga vert sendt til den e-postadressa du har oppgitt i søknadsskjemaet. Om du ikkje har motteke stadfesting, kan det vera at søknaden din ikkje er sendt, eller at svaret er sortert under søppelpost (spam) i innboksen din. Om du ikkje finn stadfestinga, bør du sende søknaden ein gong til eller senda oss ein førespurnad pr. e-post til post@stiftinga-timeogha.no, så skal me sjå om søknaden har kome eller ikkje.

Frivillige organisasjonar eller andre som driv med frivillig arbeid og betaler meirverdiavgift, kan søkje om kompensasjon. Ordninga vert forvalta av lotteri- og stiftingstilsynet. Link til lotteri- og stiftingstilsynet.

Haust 2017