Retningsliner for tildeling av gåver til allmennyttige føremål

Sparebankstiftinga Time og Hå disponerer betydelege verdiar som har sitt utgangspunkt i eigenkapitalbevisa som Sparebankstiftinga fekk ved etableringa i 2014 i samband med konvertering av grunnfondskapital til eigarandelskapital og etter fusjonen med Klepp Sparebank. Sparebankstiftinga skal vere ein langsiktig og ansvarleg eigar av Jæren sparebank. Time sparebank etablerte i 2006 eit gåvefond og har delt ut gåver til allmennyttige føremål alle åra seinare.

Oppgåva å tildela gåver til allmennyttige føremål i Time og Hå er nå overført til Sparebankstiftinga Time og Hå. Stiftinga sin gåvepolitikk er basert på vedtektene, og stiftinga vil vidareføra hovudpunkta som Time sparebank har forvalta gåvefondet etter:

 

  • På ein god måte bidra til vekst og utvikling på Jæren, spesielt i kommunane Time og Hå
  • Vere ein reiskap til å støtta prosjekt det er naturleg å vera med på
  • Imøtekome søknader om større gåver
  • Bidra til ei god utvikling av banken
Gåver varierer normalt i storleik frå kr 50.000,- til kr 500.000,-

Prioriterte gåveføremål

  • Oppvekstmiljø
  • Idrett
  • Kultur
  • Friluftsliv

Stiftinga ser etter, og vil prioritera, prosjekt som kjem mange til gode og som utløyser stor eigeninnsats og støtte frå andre. Det vert ikkje gjeve gåver til reiser, drift, sponsorstøtte eller til direkte næringsverksemd. Stiftinga gjev ikkje gåver til enkeltpersonar og støtter heller ikkje prosjekt som er påbegynt eller ferdige. Stiftinga grunngjev ikkje avslåtte søknader.

  • Søkjarane må vera registrerte i Enhetsregisteret i Brønnøysund og ha eige organisasjonsnummer.
  • Søknad om gåve skal skrivast på eige skjema. Dette finst på heimesida til stiftinga.
  • Søknadsfrist er 30. april og 31. oktober.

Alle søknader vert lagt fram for styret til behandling. Før utbetaling av tildelte gåver, må vilkåra for tildelinga vere oppfylte.