Slik går du fram når du søkjer

Følgjer du denne rettleiinga er du trygg på at du har gjort alt rett.

Søknadsskjema

Fyll inn alle punkta i søknadsskjemaet.

Du kan lasta opp tilleggsdokument med kostnads- og finansieringsplan saman med det utfylte søknadsskjemaet. Om du har relevant informasjon utover det du får med på søknadsskjema.

Ta kontakt på e-post om du har problem, så skal me finne ei løysing. Om framlagt informasjon er ufullstendig, eller søknaden kjem inn etter fastsette fristar, kan handsaminga av søknaden verta utsett. Så langt som råd vil me ta kontakt for meir informasjon om me ser at det er naudsynt.

Kven kan søkje?

Lag, foreiningar og organisasjonar i Time og Hå som har organisasjonsnummer.

Kven vert prioritert?

Sparebankstiftinga Time og Hå deler ut gåver til allmennyttige formål, primært i kommunane Time og Hå.

Søknadsfristar

Stiftinga tildeler gåver 2 gonger kvart år.

Søknadsfristane er 30. april og 31. oktober. Styret behandlar søknadane normalt i månaden etter.

Alle som har søkt får svar.

Kva stiftinga ikkje støttar

  • Det vert ikkje gjeve gåver til reiser, drift, sponsorstøtte eller til direkte næringsverksemd. Stiftinga gjev heller ikkje gåver til enkeltpersonar.
  • Søkjarar vil normalt ikkje få tildeling meir enn ein gong kvart år.
  • Om tidlegare tildeling ikkje er nytta / utbetalt vil normalt ny søknad bli avslått.