Spenstig støtte til Bryne Turnlag

Tekst/Foto: Hege Hopen

Bryne Turnlag blei stifta i 1907 og er det eldste idrettslaget i Time. For tida tel Bryne Turnlag 660 medlemmar i alderen 1- 80 år, og i august 2021 sto den nye turnhallen i Vardheihallen ferdig. Sjølv om drifta ikkje har vore heilt som normalt på grunn av pandemien, set alle i turnlaget stor pris på dei nye, flotte fasilitetane.

Den nye hallen i Vardheia rommar både ein fleirbrukshall og ein turnhall. Her er det stor aktivitet og godt å vere for både små og store.

Frode Håland er dagleg leiar i Bryne Turnlag og er særs nøgd med den nye, flotte turnhallen og ser av medlemstala at den nye turnhallen samstundes har ført til ein kraftig medlemsvekst.

Frode Håland er leiar i Bryne Turnlag, og han fortel villig om sjølve prosessen som ligg bak den nye turnhallen og den gledelege påverkinga denne har hatt for medlemstala.
Det heile starta med eit samarbeidsprosjekt mellom Klepp kommune og Time kommune om å byggje ein ungdomsskule med ein fleirbrukshall. I samband med dette byggeprosjektet kom Bryne Turnlag med forslaget om å forlenge fleirbrukshallen med ein basishall 2 på 25 x 30 meter, og sjølv bidra med 4 millionar kroner til dette arbeidet. Det var rett og slett eit tilbod kommunane ikkje kunne seie nei til. Samstundes blei det stilt krav om at Bryne Turnlag måtte dokumentere finansieringa av desse pengane før prosjektet fekk klarsignal. Dette var i 2018. Det var då Sparebankstiftinga Jæren – Time og Hå kom inn som ein reddande engel med 1, 5 millionar til dette prosjektet, slik at den nye turnhallen faktisk kunne bli ein realitet.

– Dette er eit glimrande døme på korleis Sparebankstiftinga Jæren – Time og Hå bidreg i lokalmiljøet, seier Frode Håland. – Dei er med på å hjelpe mange ulike prosjekt opp av startgropa, og det er ikkje alltid like mykje som 1,5 millionar som skal til.

Bryne Turnlag hadde sjølv klart å spare opp 1,5 millionar i perioden mellom 2008 og 2018, og vurdert å ta opp banklån for å dekke resterande beløp, men kunne i staden konsentrere seg om å gjere draumen om eigen turnhall til verkelegheit då Sparebankstiftinga Jæren – Time og Hå la pengar i potten.

I tillegg til støtta frå Sparebankstiftinga Jæren – Time og Hå har Bryne Turnlag og fått støtte frå Sparebankstiftelsen Sparebanken Vest, Sparebankstiftelsen SR-Bank og Sparebankstiftelsen Klepp til innkjøp av utstyr.

– Dette er i sanning noko heilt anna enn då treningane våre var i gymsalen på Bryne ungdomsskule og me hadde eit bitte lite kott til å lagre utstyret vårt i, og måtte rydde det ut og inn til kvar trening, seier Frode Håland, og kastar eit nøgd blikk ut over den romslege hallen der det meste av turnutstyret står framme heile tida. – Det er sjølvsagt noko utstyr som ikkje treng å stå framme når det ikkje er i bruk, men me stiller krav om at alle som skal nytte seg av turnhallen må ha sikringskurs for å kunne betene turnutstyret på ein trygg og forsvarleg måte.

Frode Håland fortel vidare at Klepp og Time har delt bruksrett til turnhallen. Det same gjeld fleirbrukshallen, som ligg vegg i vegg. Men turnhallen er reservert til turnaktivitetar, og Bryne Turnlag har driftsavtale på denne, noko som går ut på at dei har ansvar for drift, vedlikehald og koordineringa av bruken.
Bryne Turnlag kan vise til kraftig medlemsvekst etter at dei tok i bruk den nye hallen. Dei har faktisk hatt opp mot ei dobling i talet på medlemmar. Talet gjekk rett nok ned i løpet av pandemien, men no peiker dei rett veg – og meir til.
Hovuddelen av medlemmane er under 12 år, men det betyr at ein i komande år vil sjå ein kraftig vekst i medlemstalet på dei over 13 år. Frode Håland er overtydd om at den nye hallen vil bidra endå meir positivt i denne retninga, og at tilsiget av nye ungar i aldersgruppa 13+ kjem til å auke. Turnlaget har og planar om å utvide tilbodet etter kvart, kanskje og i retning av konkurranseturn. Det betyr at Bryne Turnlag på sikt vil kunne ha behov for meir treningstid enn det dei allereie har, men dette vil løyse seg når dei nye hallane som er under planlegging er ferdige, og Bryne Turnlag kan få meir tid i fleirbrukshallen.
– Medlemsveksten og den auka aktiviteten me ser no etter at me tok den nye turnhallen i bruk lovar verkeleg bra, avsluttar Frode Håland, som med rette kan tenke spenstige tankar om framtida til Bryne Turnlag.

I den nye turnhallen er det mykje flott utstyr, til stor glede for alle medlemmane i Bryne Turnlag

Gode støttespelarar er viktige å ha med på laget.

Del dette inlegget

Share on facebook
Share on twitter
Share on linkedin
Share on pinterest
Share on print
Share on email