Gåvepolitikk
Stifta 6. februar 2014
Retningsliner for tildeling av gåver til allmennyttige føremål
Sparebankstiftinga Jæren – Time og Hå disponerer betydelege verdiar som har sitt utgangspunkt i eigenkapitalbevisa som Sparebankstiftinga fekk ved etableringa i 2014 i samband med konvertering av grunnfondskapital til eigarandelskapital og etter fusjonen med Klepp Sparebank. Sparebankstiftinga skal vere ein langsiktig og ansvarleg eigar av Jæren sparebank. Time sparebank etablerte i 2006 eit gåvefond og har delt ut gåver til allmennyttige føremål alle åra seinare.
Oppgåva å tildela gåver til allmennyttige føremål i Time og Hå er nå overført til Sparebankstiftinga Jæren – Time og Hå . Stiftinga sin gåvepolitikk er basert på vedtektene, og Stiftinga vil vidareføra hovudpunkta som Time sparebank har forvalta gåvefondet etter.
- På ein god måte bidra til vekst og utvikling på Jæren, spesielt i kommunane Time og Hå
- Vera ein reiskap til å støtta prosjekt det er naturleg å vera med på
- Imøtekoma søknader om større gåver
Gåver varierer normalt i storleik frå kr 50.000,- og større
Prioriterte gåveføremål
Oppvekstmiljø | Idrett | Kultur | Friluftsliv
- Stiftinga ser etter, og vil prioritera prosjekt som kjem mange til gode og som utløyser stor eigeninnsats og støtte frå andre.
- Det vert ikkje gjeve gåver til reiser, drift, sponsorstøtte eller til direkte næringsverksemd. Stiftinga gjev heller ikkje gåver til enkeltpersonar.
- Søkjarar vil normalt ikkje få tildeling meir enn ein gong kvart år.
- Om tidlegare tildeling ikkje er nytta / utbetalt vil normalt ny søknad bli avslått.