Tekst/Foto: Hege Hopen
Torsdag 13. juni var det duka for den årlege utdelinga for gåver frå Sparebankstiftinga i Time og Hå. I år slo dei seg saman med Sparebankstiftelsen i Klepp og invitert til treff på Friluftshuset på Orre.

Øystein Dahle frå Jæren Friluftsråd opna samlinga med å fortelje litt om huset og området. Friluftshuset er populært og området har mykje spanande å by på. Han understreka og at Jæren Friluftsråd har vore med på å drege nytte av støtte frå Sparebankstiftinga til å mellom anna skifte ut taket på Friluftshuset, og at denne støtta blir sett særs god pris på.

Klas Stølsnes frå Jæren sparebank var og til stades ved utdelinga, og delte gleda over at lokalbanken kan vere med på å bidra til og støtte mangfaldet i dei tre kommunane. Han fortalde og om grunnen til at dei to stiftingane har teke over sjølve gåveutdelinga. Tidlegare var det banken som tok seg av denne prosessen gjennom eit gåvefond, men no er ho stiftingane sitt ansvar. Det går sjølvsagt framleis an å søke om sponsormidlar frå Jæren sparebank, men desse kjem naturleg nok med forpliktingar om profilering og reklame.

Pengane som Sparebankstiftinga deler ut kjem frå fusjonen mellom Klepp og Time Sparebank og utbyttet frå eigenkapitalbevisa som dei to stiftingane eig og forvaltar i samband med denne. Samla forvaltar dei to stiftingane 64% av eigenkapitalbevisa i Jæren sparebank. Det er generalforsamlinga som bestemmer kor mykje som skal delast ut i støtte kvart år, og stiftinga har delt ut pengar sidan 2015.

Til no har Sparebankstiftinga i Time og Hå delt ut 14 millionar kroner, men Arne Gravdal frå Sparebankstiftinga i Time og Hå fortel at dei framleis er i ein oppbyggingsfase. Det er nemleg ikkje alle som er klar over at denne støtteordninga finst. Sparebankstiftinga planlegg difor eit infomøte til hausten saman med banken, slik at dei kan spreie den gode bodskapen til eit endå større publikum.

Sparebankstiftinga i Time og Hå ynskjer å støtte det kulturelle mangfaldet i kommunen med pengegåver, slik at delar av overskotet frå stiftinga skal kome flest mogeleg av innbyggjarane til nytte. Og går det godt i banken, går det og godt i stiftinga.

Storleiken på pengegåvene varierer, alt etter kva dei som søker treng støtte til. Regelen er likevel ganske enkel: Ein kan ikkje søke om støtte til prosjekt som er ferdige eller sett i gong. Tipset er difor å søke om støtte allereie i planleggingsfasen, samt søke innan fristane, som er 30. april og 31. oktober.

Denne gongen trakk Arne Gravdal fram to av gåvemottakarane og fortalde litt meir om desse.

Den første er Undheim IL, som har søkt om støtte til å flytte fotballhallen på Bryne til Undheim. Dei samarbeider med Lye IL, både operativt og økonomisk, og slike tankar set Sparebankstiftinga stor pris på. Dessutan er dugnadsånda sterk på Undheim, og lokalsamfunnet står klar for å brette opp armane og dra dette prosjektet i hamn. Sparebankstiftinga i Time og Hå har difor bestemt seg for å gje 400 000 kroner i støtte til den nye hallen.

Det andre prosjektet Arne Gravdal fortalde om er No Limitation AS. Dette er eit ideelt selskap som hjelper menneske som er eller står i fare for å få utfordringar knytt til rus, psykiatri og kriminalitet. Målet er å gje deltakarane meistringskjensle og opplæring, og få folk ut i arbeidslivet att. Nett no er dei involverte i eit prosjekt der dei jobbar med produksjon av eit spanande byggemateriale. Dette prosjektet blei større enn dei hadde sett for seg, så difor får dei 200 000 kroner for å vidareføre prosjektet . I haust fekk dei 300 000 kroner i støtte til det same prosjektet.

Dei andre gåvemottakarane:

Jæren Kajakklubb fekk 100 000 kroner til nytt klubbhus.

Pensjonisten Kverneland fekk 10 000 kroner til projektor og trådlaus mikrofon.

Kverneland Ski fekk 25 000 kroner, som dei skal bruke på å kjøpe inn rulleski, stavar og diverse utstyr til dei yngste medlemmane.

Vollmarka Vel fekk 50 000 kroner til å legge kunstgras i ein nyoppført ballbinge.

Klepp Bueskyttarlag fekk 24 000 kroner til innkjøp av tidtakarutstyr.

Jæren Golfklubb fekk 20 000 kroner til innkjøp av hjartestartar.

Kverneland Røde Kors Hjelpkorps fekk 50 000 kroner til snøscooterslede, pulk og diverse utstyr.

Hå – Nærbø speidergruppe fekk 100 000 kroner i støtte til ei sårt tiltrengt oppussing av ei sliten speidarhytte.

Kverneland Samfunnshus fekk 50 000 kroner til nye bord.

Klepp og Time 4H nemnd fekk 25 000 kroner til friluftsutstyr.

Pinsemenigheten Sion Bryne fekk 100 000 kroner, som dei skal bruke på å utvide lokala sine.

Cross RC-klubb fekk 100 000 kroner til utbetring av sanitærforholda på banen.

Bryne kyrkje Soknerådet fekk 100 000 kroner til scenebelysning i kyrkja på Bryne.

Bryne KFUK-KFUM-speidere fekk 50 000 kroner til aktivitetsutstyr.

Alle mottakarane var naturleg nok særs nøgde med gåvene. Og Arne Gravdal, som er særs glad i jobben sin på dagar som dette, seier at han set stor pris på desse årlege treffa og på å sjå ansikta til dei han deler ut pengar til. Neste år håper han på endå fleire søkarar.